Historie

ELDHUS

Eldhuset hadde fleire namn. Det vart kalla både bryggarhus, størhus og mastu. Ein såg ofte røyk frå murpipa i eldhuset fordi ei lang rekke arbeidsoppgaver vart utført der. Ein kunne gjerne av den grunn kalle det gammaltidas grovkjøkken.

Midt på eine veggen inne i huset var det mura ein peis eller båsmur med murpipe av gråstein. Murpipa var tildels nytta til røyking av matvarer. Peisen var stor og romsleg og måtte gje plass til ei stor gryte og liknende utstyr.

Huset stod ofte noko til sides for dei andre husa, og vart gjerne bygd ved ein bekk eller vasskjelde om det var mogleg. Det var dermed kort veg for vassbering. Ein del av arbeidet i eldhuset kravde store mengder vatn, som til dømes klesvask ein dag i veka. Kleda vart koka i den store gryta før dei vart skylde i fleire vatn.

Brygging av maltøl til høgtidshelger og gjestebod kravde store mengder vatn.

Grisslaktinga gjekk for seg ved eldhusdøra der grisen vart skolda og delt opp. Som oftest var ei slaktekone med og rørte i blodkoppen. Ho sto på med etterarbeidet både ein og fleire dagar med vasking av tarmar til kjøttpølse og rensking av vomskinn som vart sauma sammen og brukt til blodpølser, ilåto, koka sylte og liknende. Her vart det og knust bein og koka til lim, og her vart det koka horn og forma hornskjeer. Det vart samla dyrefeitt gjennom året til såpekoking og støyping av talglys. Her var det ostkoking og grisgrautkoking, steiking av skjebladkaku, flatbrød og klingar, og farging av ull og klede.

Ved gravøl og bryllup vart kokka budsendt. Ho heldt til i eldhuset med matlaging, og både sodd og steik vart ordna her. Bruragrauten vart sjølsagt kokt her og øyst i kummer og bore inn på borda som siste måltid i bryllaupet.

I mange eldhus, der dei ikkje hadde tilgang til bruk av basstu, vart det tillaga ei tørkhylle, ei jarnplate, med høve til vedfyring under, til å tørke korn som skulle malas til folkmat, altså matmjøl. Her vart det og laga malt for brygging av maltølet.

I somme eldhus var det bjelkelag utan golv over rommet, og der vart det ofte lagra trematerialar, snekkarvu, som låg til langtørking, verking. Der kunne dei ligge lenge, for dei tørka ikkje så fort, og materialane slapp å slå sprekkar.

 

 

SMIA

Mange stader var gardssmia bygd saman med eldhuset. Smia hadde og sine oppgaver på gardsbruket. Det var reiskapar som måtte repareras og nye som måtte ha jernbeslag. Dei fleste gjorde mykje av dette arbeidet sjølve. Somme var gode handverkarar som med enkelt utstyr laga fine ting som ein i dag ser på med undring.

Me kan sjå litt på kva ei enkel gardssmie hadde av utstyr. Det var mura ein smiavl av gråstein der ein vermde opp jarnet med smikol. Ein blåsebelg forma som ein peispustar laga av ein gammal sauskinnsfell, skaffa luft til å halde varme i kolet.

Der var ambolt og skrustikke, ei tong og ein hammar, og ei handvinne for å drille hol i jarn. Men drillinga gjekk seint og jarnet vart heller oppvermt og holet stempla ut. Dei kjøpte mutrar og rundtjarn og laga boltar sjølve. Det var gjengeutstyr til dei mest vanlige dimensjonane, som den gongen gjekk på tommar. Mest vanlig var 7/16, 3/8 og ½ -tommars. Somme hadde og gjengtappar i same dimensjonane for å friske opp gamle mutrar eller lage nye om det trongs. Hadde dei i tillegg ein skiftnøkkel eller to kunne det leggas nytt jernbeslag på enten støtting, langvogn eller annan kjørmusjon.

Arbeidsoppgavene som vart gjort i eldhuset og smia er det enten slutt med, eller dei er flytta til andre stader. Dei fleste eldhus og smier er i dag borte eller omgjort til andre formål. I 1995 var det berre 2-3 smier som var halde i hevd, og som står på bruket som den gongen dei var bygd. Gardssmia har fått plass i det nye reiskapshuse som det etter kvart har vorte fleire og fleire av. Utstyret er i dag heilt endra. No har me elektrisk sveiseapparat, bormaskin, kutte- og slipemaskiner og survar, ferdiglaga boltar og nøkkelsett av alle slag.

 

 

JUTULANE I HOSTON

Overjutulen budde i Berge, og han hadde to brysame undersottar, Jutul Viåsa og Krittil Hiråsa, som han hadde eit svare strev med å halde i sjakk. I Lefstomarka ligg det to store steinar som var straffekast mot Viåsjutulen. Det synest greie merke etter fingrar på steinene, men dei nådde altså ikkje fram. I Mjovatnet ligg det ein stor stein som vart kasta etter Krittil Hiråsa. Om han trefte, veit me ikkje. Trulig dreiv Krittil og fiska i Mjovatnet. Desse to var nok ikkje av dei aller sterkaste, for dei steinane som ligg i Bergemarka er ikkje så store, men det synest merke etter fingrar og aksler på desse og. Men Hiråsen var vel noko av eit hovdingsete.

Krittil Hiråsa heldt seg til venns med jutulane i Hoston. På det viset var han lur, for i Hoston fanst det fleire jutular. Det var Drøs Hoston i Hostomarka, Gris Gjømsom i Gjømshøgda, Dånnår Viken i Vikafjellet og Geip Sætern i Slettfjellet. Som anna godt folk vart og desse karane uforlikte somtid, og da kasta dei stein. Det var våpna deira. Gris Gjømsom kasta skog og torv, og det er såleis at Gjømshøgda har vorte så snau.

Det var ein gong dei snøa inn i Gjømsom. Det var ukåmmån åt marken og det lei til jul. Mannen i Gjømsom gjekk ut på kloppa og ropa åt`om Gris: “Du må hjelp oss, for det e itj ein brødleiv i bur og itj ei vedski i skjul”. Jau, dem fekk hjelp. Han Gris tok og råla sammen alt på ettersi på Gjømshøgden og kasta mot Gjømsom. Han hadde klipen full, og alt han hadde i klipen for utover vatnet. Og dermed vart Klubben og dei andre holmene til. Gris var og udus med jutul Klefsås. Han kasta to steinar heilt fram. Desse steinane er å sjå den dag i dag der dei ligg attmed Klefsås.

Han Drøs Hoston braut bitar av Hostokammen og bombarderte Dånnår Viken med. Såleis er det at Hostokammen er vorte så tverrbratt.

Det blir sagt at Dånnår Viken strauk med. Han skulle gravleggjast i mundering med masingspårrår m.m. Det var vinters tid med snøfokk og uføre. Dei samla sammen alle hestane kring Ringavatnet og Hostovatnet og gardane rundt der, og tenkte å få Dånnår til kyrkjegarden. Men han var så tung at da dei kom til Nylykkja i Hostomarka så greidde korkje folk eller hestar meir. Og så grov dei han ned der. Folk var redde for å gå forbi den staden ei tid. Ingebjørg Gimse ville ikkje vera med på dette. “Dånnår Viken lever den dag i dag”, sa ho åt meg, og da var ho 96 år gamal. “Men oldemor mi såg at huldra gjette buskapen sin ovafor Litjøyan. Ho hadde så fin ei røyst da ho lokka på dei fine dyra sine. Dette er så sant, så sant”, la ho til.

Geip Sætern (Kusætra) var ikkje så stor og sterk som dei andre jutulane. “Det var heller ingen alder på han, berre 300 år”, sa Ingebjørg. Jutul Berge, overjutulen, hadde truleg ein hard jobb. Han hadde verkeleg mange brysame undersottar. Undersottane hans var vel spreidde utover heile Orkdal. Jutul Klefsås var nok veikare. Han kasta ein stein mot Gris i Gjømshøgda, men steinen datt ned på Ry. Der ligg han straks nedom vegen. Han er heller ingen lettvektar.

Han Gris Gjømsom og han Drøs Hoston var ein gong uforlikte om ei geit som var kome på oby. Han Gris kasta ein stor stein som ligg uti Hostodala. På denne steinen synest det merke både etter fingrane og aksla hass Gris. Men Gris spente så hardt at eine foten gjekk av. No var gode råd dyre. Dånnår Viken var smed, og så henta dei han. Jau, Dånnår sette på att foten. Men anten det no var farkstrek eller mistak, det veit en ikkje, men fotabladet vart så det snudde attover, og når han Gris skulle gå, ville den eine foten fram og den andre att. Så vart Gris sint og reiv tå seg foten att, og slengde han borti Lomunddalen. Så var Geip Sætern iver og slengde hann attende så han vart liggande attmed gardsvegen åt Gjømsan, og der ligg han den dag i dag, og det er ikkje noko småtteri.

Ingebjørg Gimse fortalde meg  at under siste krigen var ho i Vaulhauga, og så gjekk ho ein tur for å sjå om jutulane hadde gjort noko storverk i seinare tider. Ho var fødd og hadde vokse opp i Gjømsom. Jau da, jutulane hadde laga til fleire dalar så dei skulle sleppa å gå over dei høgste fjella. På ettertida av Gjømshøgda hadde det gått eit stort steinras. Gris Gjømsom låg og sov under krigen, men så vart det slikt eit ståk oppå høgda så han vakna brått og kom til å støyta handbåggån borti fjellet, og dermed gjekk det store steinraset ut.

“Jutulane lever framleis”, sa Ingebjørg, “men det er ikkje alle som blir vare dei. Folk har det for travelt no”.

Jutulane var godlynte og gjorde aldri folk noko vondt. Det kunne vel hende at når folk låg på markaslått at dei kom og åt opp grauten for dei. Men det laut ein finna seg i, for graut var furkunnmat.

Folket her oppe i Norden heldt seg til guden Tor av di han var så sterk. Han brukte styrken sin til å verne både gudar og menneske mot jotnane. Men han greidde ikkje utrydde dei, og i folketrua kom jotnane til å leva mykje lengre enn trua på Tor. Ågot Johnsen budde hos oss under krigen. Ho var antropolog (antropologi er læra om mennesket, både kroppsleg og åndelig). Ho lærte oss at hadde me hatt fleire sansar så hadde me oppdaga meir. Og da hadde me truleg fått kontakt med bergfolka. Kven veit, hevda ho, dei kan godt vera til.

 

Kilde: ”Hoston i 1900-åra”